tirsdag 25. september 2007

Endeleg noko ferdig...

Dårleg vane nr 1:
Eg har store problem med å konsentrere meg om eit prosjekt om gongen. Det gjeld på fleire område. F eks rydding. Eg ryddar i alle rom på ein gong, og blir ikkje heilt ferdig nokon stader. Men ekstra tydeleg blir denne vanen på handarbeidsfronten. Utan å få dårleg samvet i det heile tatt (nesten) startar eg gjerne med eit nytt strikkeprosjekt annankvar dag. Får eg ein ny idé er det farleg å vere i nærleiken av garnbutikken... (vips! så har eg kjøpt meir garn) Akkurat som eg har lagerplass til meir...

Men: Ta-ta-ra-ta! (fanfare)
Her kan eg presentere eit ferdig prosjekt :) Og eg brukte til og med opp alt garnet- ingen restar (glis).

Men altså, stoff kan ein aldri få for mykje av... eller?? Måtte (ja, eg måtte) bestille meir av eit stoff eg har litt av frå før, og sidan frakta kjem på det same kunne eg like godt kjøpe stoff for heile kvota ($ 30). Og jammen gjekk det fort også. I dag, ei veke etterpå, låg pakken i postkassa. Også så fint pakka inn. Nesten som julafta, hurra! Kan anbefale denne butikken.

My bad habit nr 1 is that I seem to start new (knitting)projects every other day. It's dangerous to be near the yarnshop when a new idea pop into my head. I allready have enough yarn for many, many projects. But I have finished something: My Chevron scarf. And I used all the yarn, no left overs.

But you never can get too much fabric :) Got this in the mail today - it's allmost like Christmas.

mandag 24. september 2007

Festlege haudeplagg


strikk9
Originally uploaded by solgrim
Skal det vere ei strikka hue, eller hatt eller skaut? Eg har oppskriftene...

Hurra! Endeleg prinsesse!

Buttercup

Which Princess Bride Character are You?
this quiz was made by mysti

Dette er berre den beste filmen, synest vi i vår familie. Ikkje alle er einige med oss, når vi overivrige vil overbevise dei om dette. Kan det ha noko med at vi kan alle vitsar, replikkar og ler lenge før noko skjer? Nææhhh... neppe...

fredag 21. september 2007

Symaskin på tur

Symaskina mi var visst sjukare enn vi trudde. Det viser seg at ho må heilt til Drammen på reparasjon og service. Og det vert nok ikkje billig... Men, men - ho må fiksast og eg hadde tenkt å ha denne maskina le-enge. Så då får det koste det det kostar.
Skjønar likevel ikkje kva som gjekk gale då ho blei sjuk. Eg berre sydde ei veske... og så plutseleg ville ho ikkje meir :(

My sewing machine was more "unwell" than we thought and has to be sent away to get fixed. Don't know what I did wrong to cause this problem... Just hope they work fast in Drammen, have too many projects waiting.

mandag 17. september 2007

Mandagsmosaikk

Veskene mine så langt... Kanskje litt for mykje skrytebilde, men det var kjekt og prøve mosaikk-makeren (mosaic maker) eg kan bruke på Flickr. 1. leafbag, 2. greenquilt, 3. rosebag, 4. weekend bag1, 5. weekend bag2, 6. weekend bag inside, 7. Strawberry bag, 8. red&black, 9. summer bag, 10. bag, 11. roseveske, 12. polkadot-rose, 13. A walk in the park, 14. felted1, 15. rosetote 1, 16. rosetote-pocket, 17. rosetote 3, 18. charming handbag, 19. charming handbag inside, 20. bluequilt

fredag 14. september 2007

Snufs...

Neida, ikkje sånn snufs. Har berre blitt noko forkjøla. Og i går kveld fekk symaskina også influensa, midt i avslutninga av ei veske.

I dag måtte eg levere ho til stell og service. Så då blir det ei veke utan symaskin - og ein del prosjekt på vent.

Eg får kanskje gjort ferdig strikke- og hekleprosjekta mine då, i staden:

Just having a cold... And my sewing maxhine is sick too - had to deliver it to for service today. So the next week I only catch up on my knitting and crochet:

For eksempel: Bruke-opp-restar-sekskantar / Hexagons

Chevron skjerf (chevron=vinkelform) / Chevron scarf

Var litt usikker på fargane i starten, men no syns eg kanskje det går likevel. Haustfargar.

Was not shure on these colours in the start, but like them more now. Fall colours for a fall scarf...

Også må eg sjølvsagt gjere noko med UFO nr 1

søndag 9. september 2007

psst!

Ny veske i ettermiddag. Dette er ei bursdagsgåve så det er litt hemmeleg.
This is a birthday present, so it's just a little secret...

Moo


Tenk å få bilda sine på små søte kort...Det har eg fått :) Kjøpte eit års abbonement på Flickr, og fekk ti moo-kort (det er det dei heiter) på kjøpet.
Ute i Flickr-verda er det mykje bytting av slike kort, men eg vil ha mine sjølv... I alle fall desse ti. Ser ikkje bort i frå at eg må ha fleire. Når eg har litt fleire bilder å velge mellom.
I got my first moo cards this week. So fun! I think i'll need more of these...

søndag 2. september 2007

Helg

Eg hadde niesebesøk på laurdag og då måtte vi laga noko. Det vart ein gymbag. Ho valde stoff, eg tok meg av syinga. Grei arbeidsfordeling.
Måtte også ein tur på posten for å hente eit par bøker frå amazon. "bend-the-rules Sewing" av Amy Karol og "simple sewing" av Lotta Jansdotter. Fine bøker begge to, med mange fine tips og oppskrifter.
Bokpakken var noko voldsomt pakka inn. Dei to ikkje altfor store bøkene var inne i ei litt for stor pappkasse + inne i ein plastsekk av nissesekk-storleik. Og likevel klarte dei å lage eit lite hakk i permen på eine boka.

Men eg måtte sjølvsagt prøve ei av oppskriftene i BTR-sewing: Charming handbag. Eg har venta på å få bruke dette stoffet til noko, og dette blei bra syns eg. Neste gong kjem eg nok til å lage veska noko større.

My nieces came to visit and we had to make something. She chose the fabric and I made a tote for school. She was happy with the result. I also got two new books in the mail and I had to try one of the patterns: Charming Handbag from "bend-the-rules sewing" by Amy Karol. I've been waiting to use this fabric, and I think it looks nice on this bag. I like the shape of this, but next time I will make it bigger.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails