onsdag 1. juli 2009

"Hvor er buksa mi?..."

Flytting er eit strev...
...og no kan eg nesten stemme i med Kasper, Jesper og Jonatan...bortsett frå at eg veit kvar buksene mine er. Derimot skulle eg gjerne visst kvar heklekrokane blei av. Hugsar eg tenkte at dei må eg legge på ein lur plass - for dei treng eg i sommar. Og i kva for ei kasse ligg boksa med banda mine? Hmm....

Det blei for lite tid på slutten, så eg mista oversikta. Så det blir nok mykje leiting i kasser denne sommaren. Og mange kasser blei det til slutt. Eg kan ikkje skjønne korleis eg fekk plass til alt den lille leiligheita eg hadde. Flyttelasset blei vel ca dobbelt så stort som forventa...

Heldigvis passa eg på å få eit par prosjekt i "handbagasjen", med strikkepinnar i, slik at eg har noko å halde på med så lenge.

Eg rakk akkurat å få med meg Posebymarkedet i Kristiansand på laurdag, og der fann eg nokre fine saker som eg skal vise fram seinare (fekk brukt nokre bursdagspengar).
No som eg er ferdig med pakking og flytting for ei lita stund så skal eg nyte dei fine dagane vi har no. Det er deilig med sommar!

---------

I've been busy packing moving these last days. All my stuff are in boxes (too many boxes) and I will spend this summer looking for things...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails