mandag 28. september 2009

Fargeterapi

I gråveret må eg ha litt fargeterapi for meg sjølv. Medan eg svinsa rundt med turkis maling i august malte eg beina på denne krakken (frå bruktbutikken) også.

DSCF1002

Det kan nok hende at eg vert lei denne turkisfargen om ei stund, men då kan eg sikkert male kvitt :)

Men først no i helga fekk eg gjort noko med setet til krakken.

DSCF1281

Eg hekla eit trekk som er knytta fast på undersida. Så det kan skiftast ut dersom eg blir lei.

 DSCF1280

Det lyser opp i regnvêret i alle fall.

Det var forresten heilt andre ting enn regn på toppane i dag. Brrr!!

DSCF1276

-----------------

Still raining here, and today we even had snow on the mountains… 

So i need some colours. Finished a cover for a stool (from the thrift shop) this weekend. The legs were painted aqua in the summer.

torsdag 24. september 2009

Regnvêrsdraumar…

Det sluttar visst aldri dette regnet… Alle dei fine haustfargane slepp ikkje til.

Og eg ønsker meg ny regnjakke/kåpe.

Skulle ha vore ein tur i Danmark og handla… Ei regnjakke frå Danefæ hadde lyst opp haustmørket:

(Alle bilda her er frå nettbutikken deira.)

mintudkrut_regn

helen_grn_newregn

 truerainbow_regn

Og dersom regnet skulle minke litt kan det kanskje bli bruk for andre slags jakker også…

elseRED

Dessverre har eg har ingen Danmarkstur i planane så langt… Men eg skal til Bergen i haustferien!

Og då har eg tenkt å leite opp butikkar som har kule regnkåper (m.a. frå Danefæ)! Så då får eg berre håpe at ikkje bergensarane har kjøpt opp alle…

(Kan sjølvsagt også bestille på nettet frå sjølve Danefæ-butikken, men då kjem det alle slags momsar og gebyr og toll i tillegg :_( Det får vere naudløysinga.)

-------

It is non-stop-rain here. And it has been for the most part of September (& August)… SO I’m dreaming of a new raincoat to cheer myself up. These coats are from Danefæ in Denmark.

onsdag 23. september 2009

Giveaway…

…borte hos Vibeke – Duften av erteblomster.

Vibeke har passert 100 000 besøk på bloggen sin, og feirar med stil.

Det du treng å gjere for å vere med på utlodninga er å kopiere eit innlegg frå henne til din eigen blogg.

------

I anledning at jeg har passert 100000 besøk her inne på bloggen min så ønsker jeg å feire med en STOR giveaway! Alt du trenger å gjøre er å kopiere dette innlegget og publisere det inne på din egen blogg :) Vinnerne blir trukket ut førstkommende søndag, lykke til venner!
Disse herlige bloggerne som du kan se under her har bidratt med hver sin gave i denne anledningen og jeg kommer til å lage et innlegg her inne denne uken om hver og en av dem slik at dere kan bli bedre kjent med dem.

 

unni strand med strand redesign 


monome smykkedesign     

klinkekulen ved katrine kalleklev  


kasparas salgsblogg    

 

buda mi- haust sin lille butikk  

 

 

snøstorm  

 

urban retro med urban retro-shop  

søndag 20. september 2009

Haust

DSCF1233b

Eg har vore til fjells i helga. Fjellseter i Sykkylven.

DSCF1234b

Der var det fine fjell rundt omkring.

DSCF1236b

Mange hytter.

DSCF1237b

Flotte haustfargar.

DSCF1241

Og flotte innsekt. Denne karen parkerte på foten min. Søskenbarnet hans, som var dobbelt så stor, parkerte også på leggen min ei lita stund. Men han flaug før eg fekk tatt fram fotoapparatet…

DSCF1247b 

Og så var det til og med sol og varmt ver, slik at vi kunne ta med strikketyet ut.

Skulle gjerne hatt mange fleire slike haustdagar, men yr.no lovar ei ny veke med regn…

------

I’ve been away this weekend. It was nice to have a day of sunshine, and to see new mountains and the colours of autumn.

Å

_1_~1

Då er vi ved den siste bokstaven i denne ABC-runda. Petunia svingar i gong med ei ny runde neste fredag, så det er berre å gå bort dit og henge seg på.

Eg har vore vekke i helga, så eg er litt seint ute med Å-en min.

DSCF1250

Å fann eg ut at det kanskje var på tide å leite fram eit stakkars åkle som har budd innpakka oppå eit skap dei siste 12 åra.

Åkle er eit mønstra, vevd teppe som tidlegare blei brukt som sengeoverkast (og anna) på bygdene. Mønstra varierte frå bygd til bygd. I nyare tid vert dei vel helst brukt som pynt.

2

Tidlegare i handarbeidskarriera mi (sånn for ca. akkurat 20 år sidan…) tok eg eit år på teikning, form og farge/vev (vgs).

Då laga eg eit åkle til meg sjølv. Kopierte mønsteret frå ei bok, men fann på fargane sjølv.

3

Og som de ser var dette i den lilla perioden min. Som dessverre berre varte i 2-3 år då… Eg hadde nok valt andre fargar skulle eg laga eit nytt no. Og kanskje kan det bli eit nytt ein gong. Eg har nemleg arva vevstolen til farmor.

 4

Her finn de dei andre inlegga om Å.

tirsdag 15. september 2009

Psst!

Synest du internettet er uendeleg stort? Det er det altså ikkje, iallfall ikkje her i landet. For berre sjå her.

Eg burde kanskje havne der litt oftare. Ikkje så dumt å gjere det som vert foreslått der…

mandag 14. september 2009

Ei klokke

DSCF1230

Eg har vore på bruktbutikktur igjen. Berre ein liten ein, på laurdag… Og borte i hyllene med diverse kjøkkenutstyr låg denne klokka. Eg greip tak i ho med ein gong.

Artig form og fin 50-talsfarge…

Oj, den var laga av glass/porselen, ikkje plast… og til å trekke opp… Kanskje den er gammal då?…

Brytaren til timeren og trekkoppnøkkelen var ikkje å finne, men klokka er stilig sjølv om ho ikkje virkar, tenkte eg.

Vel heime sjekka eg opp merket “Junghans”. Og der dukka klokka mi opp! Ho er designa av Max Bill og er ein design klassikar!

Victoria & Albert Museum i London har denne klokka i møbelsamlinga si. Sett slikt.

Den var verkeleg verdt 20 kroner, og vel så det!

------

Found this clock in the thrift shop Saturday. I liked the shape and the colour, and didn’t mind that the timer switch was missing. I couldn’t find the key to wind it up either, but I’m sure I can find one later.

When I was trying to find out something about the factory Junghans late,r I found out that this clock was designed by Max Bill in the 50’s. A classic. Victoria & Albert Museum in London has one in their collection.

Seems to be a good find, this clock!!

søndag 13. september 2009

Mystery motif

Sarah London, som er veldig god til å hekle og som likar knallfargar (ei dame etter min smak altså), har hatt to runder med mysteriemotiv på bloggen sin.

Ho demonstrerer ei heklerunde kvar dag til motivet er ferdig. Eg likte veldig godt det siste motivet og måtte prøve det ut.

DSCF1164

Eg trur eg må finne på eit lite motiv til å ha innimellom dei store sirklane. Det vert litt for åpent slik som dette.

Her har de starten på motiv nr. 2. Og her er starten på motiv nr. 1.

Ho har også fleire oppskrifter borte hos seg, så ta dykk ein tur.

-------

I had to try  Sarah London’s mystery motif #2. I liked it very much, but I think I will try to make a little motif to fill in the open spaces.

Ø

Det nærmar seg slutten på alfabetet og ABC-innlegga.

Eg treng berre å kikke ut vinduet for dette innlegget. Ø må stå for Ørsta-fjella.

I dag var dei litt pynta med skodde, men eg hadde nokre skoddefrie bilder liggande også. Eg er ikkje den som oftast spring opp på desse fjella, men nokre har eg vore på. Og utsikta set eg stor pris på. Det er alltid like fint å kome heimover til Ørsta og sjå fjella dukke opp.

Som tekst attåt bilda går eg til ein annan ørsting: Ivar Aasen.

                                                                                                                                            Liaveten, 592 moh.DSCF1220

DEI GAMLE FJELLI

Dei gamle fjell i syningom

er alltid eins å sjå,

med same gamle bryningom

og same toppom på.

I bygdom byggja sveinane,

og huset stender laust;

men dei gamle merkesteinane

dei standa like traust.

                                                                                                       Liadalsnipa, eller “mormor sin topp” som vi sa.041

På fjellom er det leikande

å ganga til og frå

og kring om toppen reikande

so vidt um land å sjå:

til havet kring um strendene

med skip som fuglar små,

til fjelli kring um grendene

med tusund bakkar blå.

                                                                                                  Utsikt mot Ørsta sentrum
DSCF1223

Der er so mange hendingar

i bygdom komne til;

me sjå so mange vendingar

alt på eit lite bil.

Dei hava snutt om vollane

og flutt og rudt og bygt;

men dei gode gamle kollane

dei standa like trygt.

                                                                                            Liadalsnipa, 924 moh.nipa

So stod dei gjenom tidene,

vel mange tusund år;

og graset voks om lidene,

og lauvet kom kvar vår;

og vinden tok um toppane,

og vatnet tok um fot;

men dei gilde gamle kroppane

dei toko traust imot.

                                                                    Slogen, 1564 moh. (eg har vore på toppen!)slogen

Av hav kom sjomann sigande

og lengta etter land,

då såg han fjelli stigande

og kjendest ved si strand.

Då kom det mod i gutane,

som såg sin fødestad.

Ja dei gode gamle nutane

dei gjera hugen glad. 

                                                                                                                          Vassdalstinden, 1277 moh.måne

Fleire innlegg på Ø finn de her.

3318690925_099f86f0a1[1]

--------

This is some of the mountains in my home “town” Ørsta.

onsdag 9. september 2009

Onsdagtonar

Igjen litt onsdagsmusikk. Denne gongen nokre songar frå franske Emily Loizeau.

Eg synes det er så sjarmerande med fransk. Sjølv om eg ikkje forstår så altfor mykje.

Den nyaste musikkvideoen Sister er også fin. Den gjekk ikkje an å legge inn her, så de må klikke på linken.

God onsdagskveld!

mandag 7. september 2009

Striper

Eg har bestilt fargerikt Noro-garn for å strikke eit fargerikt Noro-stripe-skjerf som dette, eller dette, eller dette.

Medan eg ventar på garnet, måtte eg prøvestrikke mønsteret med noko garn eg hadde liggande.

DSCF1092

 DSCF1094 DSCF1093

Mønsteret er svært enkelt: Legg opp passe mange masker (etter kor breitt skjerf du vil ha).

Strikk ribbestrikk (1 rett-1 vrang) til skjerfet er langt nok, eller du har brukt opp garnet.

Ta første maske laust av på kvar omgong.

Bytt farge etter 2 omg.

 

Her har eg brukt 2 forskjellige nøster av Rowan Tapestry.

---------

I’ve ordered Noro yarn to make a Noro Striped scarf.

While waiting I tried out the pattern with some Rowan Tapestry yarn I had in my stash.

søndag 6. september 2009

Loppesesong

Endeleg tid for loppemarknadar igjen. Veit ikkje heilt om det er så mange her i distriktet, men eg fekk iallfall loppa litt på laurdag. Mykje folk og monge ting. Vi kom dessverre akkurat for seint til å rekke åpninga, så alle dei fine stolane var kapra før vi nådde bort til dei.

Men nokre småting fekk eg med meg.

DSCF1129

Kakebokser igjen… Nei eg kan visst ikkje få for mange bokser…

DSCF1127 DSCF1136

Nesten hundre fora konvoluttar, så no kan eg få sving på korrespondansen.

DSCF1138

Ein kan vel kjøpe bøker berre fordi dei ser fine ut?

DSCF1140

Barnetallerken frå Porsgrund.

DSCF1130

To vaser og to fløtemugger.

 DSCF1110

Og eit lite hefte med broderimønster. To eksempel under.

DSCF1111

DSCF1114

Artig, artig! Loppemarknad er kjekt!!

----------

Went to a fleamarket yesterday. This is what came back with me.

Æ

Æ for ættegransking.

Eg synes det er svært kjekt å snuse meg bakover i tida. Finne ut litt om korleis dei hadde det før, og kvar slekta kjem frå.

Det er mange år sidan eg først sette meg ned med ættebøkene til farmor og farfar. Som de ser har slekta greiner til nesten heile Sunnmøre og litt andre stadar i landet. No har eg arva alle bøkene.

DSCF1142

Av og til dukkar det opp spennande historiar. Som for eksempel om 6xtippoldemor som var (ikkje så veldig rik) dansk adelsdotter og blei med barn før ho var gift, med ein vanleg fyr (skotsk) til og med… Dei måtte rømme til Orknøyane så ikkje ho skulle havne i kloster. Sidan kom ho, mannen og sonen attende til landet og Sunnmøre.

Av naturlege grunnar har eg ikkje bilde av slekta så frykteleg langt attende. Men vi har då nokre frå dei siste hundre åra.

 Gravferd 1918

Detter frå gravferda til oldefar Mathias. Han døde av spanskesyka i 1918, 34 år gamal. Oldemor Marie sat igjen med 6 born, yngste dotter 3 veker gamal.

 mormor

Mormor, 17 år gamal i 1929.

alvjohannebryllup

Farmor og farfar sitt brudebilde, 1939.

Berte og Ole

Tipp-tipp-oldefar Ole og tipp-tipp-oldemor Birte. Ole var glad i å skrive. Under ser de ein kopi av kjærleiksbrev og kjærleikssong han sendte til “min inderlig elskede Birte Hesteflot”.

DSCF1144

DSCF1145

DSCF1146

Fantastisk gotisk handskrift med penn og blekk.

Fleire ting på Æ finn de her på abc-bloggen.

3318690925_099f86f0a1[1]

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails