søndag 6. september 2009

Æ

Æ for ættegransking.

Eg synes det er svært kjekt å snuse meg bakover i tida. Finne ut litt om korleis dei hadde det før, og kvar slekta kjem frå.

Det er mange år sidan eg først sette meg ned med ættebøkene til farmor og farfar. Som de ser har slekta greiner til nesten heile Sunnmøre og litt andre stadar i landet. No har eg arva alle bøkene.

DSCF1142

Av og til dukkar det opp spennande historiar. Som for eksempel om 6xtippoldemor som var (ikkje så veldig rik) dansk adelsdotter og blei med barn før ho var gift, med ein vanleg fyr (skotsk) til og med… Dei måtte rømme til Orknøyane så ikkje ho skulle havne i kloster. Sidan kom ho, mannen og sonen attende til landet og Sunnmøre.

Av naturlege grunnar har eg ikkje bilde av slekta så frykteleg langt attende. Men vi har då nokre frå dei siste hundre åra.

 Gravferd 1918

Detter frå gravferda til oldefar Mathias. Han døde av spanskesyka i 1918, 34 år gamal. Oldemor Marie sat igjen med 6 born, yngste dotter 3 veker gamal.

 mormor

Mormor, 17 år gamal i 1929.

alvjohannebryllup

Farmor og farfar sitt brudebilde, 1939.

Berte og Ole

Tipp-tipp-oldefar Ole og tipp-tipp-oldemor Birte. Ole var glad i å skrive. Under ser de ein kopi av kjærleiksbrev og kjærleikssong han sendte til “min inderlig elskede Birte Hesteflot”.

DSCF1144

DSCF1145

DSCF1146

Fantastisk gotisk handskrift med penn og blekk.

Fleire ting på Æ finn de her på abc-bloggen.

3318690925_099f86f0a1[1]

5 kommentarer:

  1. Helt ÆRLIGT, dit bidrag til Æt/slægt er det flotteste, jeg har set indtil nu - og mange rigtig gode er altså set her på Petunias udfordring tidligere ;-)

    Tak for oplevelsen - og den gamle skrift er helt anderledes let at læse end på samme årti/århundrede danske :-D

    SvarSlett
  2. Å så spennende. Hvilken skatt. Så fint at alt er så godt bevart.

    SvarSlett
  3. Jeg er dybt imponeret - Flot, flot æ-løsning både i ord og billeder.
    Et billede kan sige mere end 1000 ord. Specielt oldefars begravelse og Ole/Birthe pirrer min nysgerrighed.
    Jeg er ret sikker på at sidstnævnte billede er taget på en tid, hvor man brugte en nakkestøtte, fordi det tog lang tid at tage et enkelt billede mindst 1 minut)

    SvarSlett
  4. Et kjempeflott innlegg for Æ!!
    Så heldig du er som har alt så godt dokumentert:)
    Flotte bilder!

    SvarSlett
  5. Kjekt å lese Solveig.
    Saknar deg her sørpå, men håpar du trivest med ny jobb og kollegaer, og at du finn eit fint krypinn du kan overpynte med nips og ting. Visste ikkje at han døydde av spanskesjuka, men det gjorde jo veldig mange den gongen , så kanskje ikkje så rart.

    Per Anders (lillebror)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails