søndag 29. november 2009

1. søndag

1aaaaabirdchris004 The Graphics Fairy

Då er adventstida i gong. Vi har hatt besøk frå Oslo og har verkeleg hatt adventsverkstad. Lammerull, lefser og fudge har vi laga. Ikkje så verst.

No ser eg fram til resten av adventstida. Som i fjor skal eg prøve å blogge kvar dag i adventstida. Har vore litt slapp i haust, så det kan vere greitt med eit lite puff. Merete har invitert med på adventsblogging. Sjå her kven fleire som blir med.

Ha ei fin veke.

------

1st sunday of advent. We’ve started the christmas preparations, and had the first snow today. I will try to blog everyday in December.

Have a nice week.

mandag 23. november 2009

Fargefavorittar

Eg har sete og nistirra på kvitt linstoff i kveld.

Telt trådar, tråkla, telt igjen og igjen, klipt litt og sydd litt. Augene går nesten i kryss til slutt.

Så då trengs det litt fargeterapi frå Flickr no :)

231109

Følg linken til bildet så finn du originalbilda og fotografane.

--------------

I’ve been to my embroidery class to night. Staring on my white linen fabric, counting threads, cutting, pulling out threads, counting again and again and sewing a little.

I need a little colour therapy now.

Follow the link to the photo for the originals and the photographers.

søndag 22. november 2009

Ikkje stort…

Eg har kjøpt meg ein ny stol…

DSCF1456

Og nei, han var faktisk ikkje særleg dyr…

Men så er han ikkje så god å sitte i heller – for meg…

DSCF1455

Rett og slett ein miniatyr-desogner-stol. Som eg ikkje kunne motså då eg fann slike på ein nettbutikk.

DSCF1569

Ja, no trur du kanskje eg har tatt bilde av laurdagshandelen min. Men det er det ikkje…

DSCF1571

Ikkje så mykje mat å få ut av desse pakkane. Dei har eg rett og slett laga av papir og tusj ein gong for nokre år sidan.

Eg har alltid vore fascinert av miniatyrar, og dokkehus har eg alltid ønska meg. Det nærmaste eg kom det var dokkehusa vi laga av skoøsker heime hos farmor i sommarferiar. Vi laga møbler og slikt av papir og tomme øsker vi fann. Trur forresten det å lage ting til og ordne inne i dokkehusa var det mest spennande.

Og då må ein sjølvsagt prøve å lage miniutgåver av ting i kjøkkekskapet også.

Eg har bestemt meg for å skaffe meg eit skikkeleg dokkehus ein gong. Ser ute på det store nettet at dokkehus er stor industri.

yhst4107290884353_2075_8032594504 interior4

Sid Cooke Silver Jubilee

Kanskje eit som dette over her, eller blir det for stort?

På leikemuseum i London brukte eg lang tid framfor dokkehusa.

16521large5

Amy Mill’s house – Museum of Childhood

Dette er dokkehuset til Queen Mary som står på museum i Windsor. Det har alle slags tekniske finessar. Elektrisk lys og heis som virkar, og sjølvsagt innlagt vatn og toalett som kan skylle ned.

Queen_Marys_doll_house_at_Windsor_Ca[1]

Her kan du sjå fleire interiørbilder frå huset.

Eg trur eg satsar på eit litt enklare hus. Har starta å samle på møblar i alle fall…

Og det blir sikkert fleire designerstolar på meg også.

-------

I have allways been fascinated by miniatures and dolls houses. I didn’t have a real dolls house when I was little, but remember making small room out of empty shoe boxes. The most fun part of that was making furniture and other things for the house. I still enjoy making minitures.

I will make a doll house for myself sometime, I have started collecting furniture.

And I my have started a little collection of designer chairs too…

fredag 20. november 2009

Tida går…

What?!! To veker sidan sist?

Det var slett ikkje meininga å ta ei pause her, men dagane har berre gått litt for fort. Og så er det mørkt når eg kjem heim og eg rekk ikkje å ta bilder av det eg har tenkt å ta bilde av…

Men eg er her, er frisk og vaksinert og alt sånt.

Akkurat no heklar eg ting til ei messe i morgon. Stikk gjerne innom frikyrkja i Ørsta på laurdag.

DSCF1558

Ellers har eg sjølvsagt mange andre prosjekt på pinnane – det burde helst vere julegåver i desse tider. Faktisk har eg ferdig ei gåve. Så då har eg berre 15 igjen, eller noko sånt…

DSCF1537

Rose-hua i rosa – Rose Red in pink

Og innimellom strikkar på eg på ikkje-julegåver også … og syr litt på bunadskjorta (mest på kursdagane så langt)… Etter halvgått kurs er eg nesten ferdig med ei ermelinning. Ser ikkje ut som om det vert montering av skjorta på dette kurset, nei

DSCF1530

 Bunadskjorta så langt, har kome litt lenger no…  - My embroidery project, so far…

 DSCF1538

Innimellom-prosjekt til meg sjølv. Buttony jakke. – Buttony jacket

ooops!  A little unintensional break here… The days just went by too quickly.

And it gets dark before I’m home from work, so I don’t get to take the photos I’d planned…

But I’m here, knitting and crocheting away. Mostly crocheting this week, but I’m trying to knit some Cristmas presents too.

I have one present done (and only 15 or so to go…)

torsdag 5. november 2009

Mara

DSCF1500

Eg har strikka eit sjal. Mønsteret er Mara, garnet er mjuke og deilige Miski frå Mirasol. Babylamaull – kan det bli betre?

Sjal kan ta lang tid å strikke. I dette mønsteret vert vrangborden dobla til slutt, så eg tenkte kanskje det ville ta litt tid. Men med 5 mm pinnar gjekk det jammen ganske kjapt likevel.

Sjalet har no flytta til ein annan kant av landet, og har det nok fint der :) Eg må sjå om ikkje eg treng eit sånt sjal sjølv også ein gong…

DSCF1504

This is my latest shawl. Knitted for someone else. But I think I will make one for myself later:)

Pattern: Mara, Yarn: Miski from Mirasol, knitted on 5 mm needles.

DSCF1505

mandag 2. november 2009

Flickr-favorittar

Medan eg sit og syr på bunadskjorta mi (held framleis på med første ermelinning…) kan eg dele nokre favorittbilder frå flickr. Følg linken til originalmosaikken så kan de finne originalbilda og fotografane. Som vanleg så er det mykje hekling i mine favorittbilder :)

Monday mosaic

Here are some favourites from flickr. Follow the link to find the original photos and photographers.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails