lørdag 30. oktober 2010

Uææhhh!!!

Ooops… det er visst ei stund sidan forrige innlegg…

Dagane går litt fort, og ettermiddagane er altfor korte for tida. Og etter at vi snur klokka i natt blir dei vel endå kortare…

DSCF4144

Dei ledige ettermiddagane prøvar eg å få gjort litt borte i huset. I dag malte eg vindfanget kvitt, og i morgon skal doveggane bli turkise tenkte eg…

DSCF4146

Eg  har fått pakka ut ein del kasser – er nemleg på jakt etter skruane til bokhyllene – men så longt har eg ikkje funne den rette kassa…

DSCF4145

Har derimot funne nokre kasser som urørte har vore med på eit par flyttingar, tinga pakka inn i aviser frå midt på 90-talet. Mimre, mimre… Ser at nips-smaken min har endra seg ein smule, så nokre av tinga kjem nok i gi-vekk-kassa.

DSCF4140

Og som de kanskje ser så er det tid for monstermuffins igjen Smilefjes 

Etter å ha sett Trolljegeren på kino igår kveld var vi passe stemning til å pynte muffinsane.

Er det nokon som vil kome på besøk og smake?

DSCF4142

------------------

The days are really getting shorter here. To night we turn the clocks back to winter time. That means more light in the mornings and even shorter afternoons…

I’m trying to get ready to move in to my new place. Still have lots to do there…

= Not much time for crafting…

But we did have time to make monster cupcakes yesterday Smilefjes

It’s time for monter cupcakes again.

tirsdag 12. oktober 2010

The big grey one

For tre år sidan såg eg Totoro-filmen for første gong, og sidan har eg vore hekta kan ein vel seie.

Og eg prøver å få spreidd filmen til stadig nye kandidatar (tantebarn, klasser etc).

Har du ikkje sett den? Då har du berre ein ting å gjere… kremt, kremt…

Vel, nok om det.

Artig var det i alle fall då eg fann hekleoppskrifter til figurane.

830217907_7c5bc10af3_z

Dem blå og den kvite kom først.

2345554234_d14208881e_b

Nokre sot-troll dukka også opp. Kor mange vi har av dei er ikkje heilt sikkert, for desse gøymer seg bort i krokane.

Men så vart det i fjor spøka med at eg burde lage den store grå også. Og då kan fikse idéar dukke opp hos meg slik at eg faktisk bestemmer meg for å prøve… Med grått garn frå Europris og fullstendig utan tidspress starta eg med å hekle så stort eg kunne. Dette prosjektet har berre vore framme sånn av og til.

DSCF3699

Heklenål nr 4 og over 100 masker rundt på det meste. Nevøen på 4 år fekk fint plass inni der kan eg seie. I sommar synes eg kroppen var stor nok, så då kjøpte eg to billege dyner på Jysk, stappa dei inni og hekla igjen åpninga i botnen.

Tenkte først å hekle magefeltet, men synes ikkje det vart fint. Heldigvis fann eg ein bit fleece i lageret mitt som passa perfekt.

DSCF3753

Mønsteret på magen kom også på plass. Øyrene er også no på plass, men dei vart litt vinglete sidan Totoro har litt lite “stuffing” øverst…

DSCF4077 

Som de ser manglar det enno armar og værhår. (Munn og hale er på plass no). Spørs om ikkje armane får vente ei stund. No står andre prosjekt (les hus) i første rekke.

DSCF4080

Men eg bør kanskje finne tid til å gjere ferdig Totoro-vottane før kulda set inn.

DSCF2308

------------------------------

This is my big grey project. I’ve been hooked (hehe) on Totoro since I first saw the movie three years ago.

Of course I had to make the blue and white Totoro when I found a crochet pattern for them.

Someone in the family suggested (as a joke) that I should make the big grey one.

Well, I just had to try… with no time limit of course. I started last summer, and have been crocheting now and then.

I decided it was big enough this summer and bought two cheap summer duvets to put inside.

It looks ok now, i think. I still have to make the arms. I don’t know when they will be done…

torsdag 7. oktober 2010

Eg har slett ikkje slutta med å kikke innom bruktbutikkane, men det har ikkje blitt så mykje handling i det siste.

No har eg til og med plass til sakene. Men eg merkar at eg er litt meir selektiv. Eg er snart klar til å pakke ut av kassene mine og føler eg at eg kanskje bør sjekke kva eg eigentleg har før eg skaffar meg meir.

Har ein mistanke om at eg har skrekkeleg mange tallerknar for eksempel…

Men dette fatet synest eg var litt artig (sjølv med eit stygt hakk).

DSCF4082

Denne sure vasedama fann eg på samme plassen. Ho er ikkje heilt fornøgd, men har fått ansvar for heklekrokane mine.

DSCF4089

Og nokre av bruktfunna har blitt offer for spraymalinga mi…

Denne veggpynten var av koparfarga metall og gullfarga svart plastikk – finare med alt oransje i grunnen. (Så sant ein likar oransje, då…)

DSCF4083

Og denne bordskånaren var i støypejarn, med litt rust. Inspirert av ein blogg ein stad spraya eg alt unntatt keramikkflisa.

Bra det også.

DSCF4086

Og no er det på tide at eg får tak i spraymaling i nye fargar. Kanskje grenser for kor mykje oransje ting ein kan ha…

-------------------------------------------

I have not stopped visiting thrift shops. But I’m a bit more selective now. I’m close to moving in to my new home, and finally unpacking all my boxes. So now I feel that it’s time to see what I really have.

I think I may have lots and lots of plates…

Still, if the plate is special it can come home with me. Like this one here. The writing says: Live happily.

And I have sed my orange spray paint on a couple of things…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails