torsdag 29. desember 2011

Vasketips!

Brukar ein del gule post-it lappar på jobb. Treng litt hugselappar til både det eine og andre.

Men eg ser no at det kan vere lurt å fjerne lappane frå jakkelomma før vask…

Eg får vel leite fram tøyfargen og farge heile jakka, trur eg. Muligens ein annan farge enn Post-it-gult…

017

Note to self: Remember to remove Post-it notes from pocket before washing!…

mandag 26. desember 2011

Jul!

Og vips var det jul!

Eg blei ferdig med det som måtte bli ferdig, alle gåver kom fram i tide (nesten).

015

Amaryllisen i vinduskarmen overgikk seg sjølv med 6 blomstrar på den eine stilken.

002

Eg feirar jul saman med familien, men eg fekk pynta eit lite tre borte hos meg også.

020

Vi pustar ut etter besøket av Dagmar i går, og håpar ikkje neste storm (som er på veg no) er like sterk. Fleire i slekta mista takplater på husa sine, og her ramla det ned graner ovanfor huset.

044

And there it was Christmas…

All presents were finished in time (and sent off).

I’m spending Christmas with my family, but have a little tree in my living room too.

Yesterday we had a big storm/hurrican here. Many damages around. But we are all safe here. A new storm on the way tonight…

lørdag 17. desember 2011

And the winner is…

Many thanks to all of you who took part in my giveaway!

It was so fun to read all your comments about your favorite Christmas music. Some of the music where new to me.

Random.org picked a winner for me: strandkorbtraum

Her favourite Christmas carol is “Maria durch ein Dornwald ging”

I hope she will enjoy the stars. And you who didn’t win must make your own this timeSmilefjes

Now, back to my baking…

mandag 12. desember 2011

Giveaway Day!

 

GiveawayDay

Gi vekk dagen!

Det er Sew Mama Sew som arrangerar/koordinerar denne gi vekk dagen. Alle med blogg eller butikk kan vere med, eg var med for eit år sidan og det var kjekt. Mange besøk! Denne gongen varer gi-vekken til 16. desember. Stikk innom SMS-bloggen og sjå på alle gi-vekkane.

Eg har nettopp lært meg å brette sllike stjerner i stoff – mykje strykejernarbeid og litt pirk – men artig! Eg fann ei oppskrift her.

Så eg gir vekk desse tre stjernene. Legg igjen ein kommentar og fortell meg kva som er favoritt-julemusikken din. Eg trekk ein tilfeldig vinnar etter 16.des.

Eg har nemleg tenkt å finne juleplatene mine no (har liksom rota dei litt vekk i flytteryddinga…) Favorittjulesongen min er Deilig er jorden, men eg likar mange fleire også. Kan som regel juleplatene utenat…

010

I’m taking part in the Giveaway Day! Hop over to Sew Mama Sew if you want to read more about the day, or take part yourself. This time the giveaway is open until December 16.

I’ve just learned how to make these fabric stars. (Tutorial here – in Danish) so I’m giving away these three stars to hang on your tree or somewhere else.

I’ll ship internationally!

Leave a comment below, and answer this question: What’s your favourite Christmas music? Carol/song/etc…

I’ll pock a random winner after dec 16.

The giveaway is now closed! I’ll be back with the winner later.

søndag 4. desember 2011

2. søndag

Jammen litt styr å vere med på julemesser… I alle fall når ein ikkje startar i god tid…

001

Men no står julebutikken der, og det blei svært koseleg.

002

Ta ein tur innom dersom du er i Ørsta, vi held til i ei av sidebygningane til Svendsen-garden, midt i sentrum.

003

Vi har åpent laurdagane fram til jul.

005

These past weeks have been really busy. I’ve learned that it is a good idea to start early if tou’re going to take part in Christmas fairs… (I didn’t…)

But here are photos from our little Christmas shop.

onsdag 23. november 2011

Juleverkstad

004

Snart første søndag i advent. Kvar kom den ifrå? Og stova har blitt gjort om til hobbyrom. Likesom litt betre plass her nede…

Eg skal visst vere med på eit par julemesser. Så då var det berre å finne fram det eg hadde av julete stoff. No får eg endeleg bruk for dei metrane eg kjøpte på IKEA for nokre år sidan…

Har hatt litt vanskar med å bestemme meg for kva eg skulle lage. Har liksom ikkje noko signatur-produkt. Så då stiller eg med litt av kvart… Og eg får stadig nye idear, men det byrjar å skorte på tida.

Papirjulestjernene synest eg er fine…

012

Julestrømper kan vere kjekke å ha…

016

Og så blir det kanskje nokre vaser med heklepynt, babysko, sauar…

Så spørs det om dette er noko folk vil kjøpe… Første gong eg prøver dette her så det blir spennande.

PS: Oppskrifta på stjernene har eg sjølvsagt funne der ute. Desse vert kalla finske papirstjerner. Eg fakstisk sett dei laga av trespon. Men papir går også bra. Her er ei oppskrift på engelsk.

021

----------------------

Allmost December and time for Christmas fairs. I’m going to take part in a couple of fairs this year (my first time ), so I’m trying to make stuff now. November has been busy, so I will not have many, many things…

PS: Here is a pattern for the stars.

søndag 6. november 2011

Koselege regnskyer…

Av og til er det kjekt med formingsoppgåver som høver til veret… I sommar/haust har det vore nok av regn, så då fekk eg lyst til å sette elevane igong med å lage kvar si sky med regndråpar.

Eg har sett mange variantar av slike skyer rundt i internett-verda, mellom anna her og her og her +++

558

Og elevane har vore flinke og tålmodige. Dette prosjektet har tatt nokre veker.

559

Først teikna alle si eiga sky. Den vart teikne av på filt og klipt ut. Rundt kanten sydde elevane med kastesting. Sjølvsagt blir det ekstra fint med tungesting, men det droppa vi denne gongen.

560

Eg hjalp dei med å sy igjen åpninga etter at dei hadde stappa vatt inni. Dei valgte sjølv kva fargar dei vill ha på dråpane, klipte dei ut og limte dei på sølvtråden. Litt skeivt her og der – men det er berre sjarmerande.

561

Nokre av gutane ville også ha på eit lyn. Litt ekstra sying for dei.

562

Eg hjalp til med montering av regndråpetrådane til slutt. Men mesteparten av jobben har dei gjort sjølve. Ikkje verst av ei tredjeklasse!

564

This has been the art project in my class this fall. A art project that matches the weather we’ve had…

The children did most of the work themselves – drawing their own cloud, sewing around it , stuffing it, choosing colours fro the rain drops, cutting them out from felt, glueing them on the silver yarn. I helped with a few details.

They’ve worked on these for weeks. And did a great job! And they’re in third grade (8 years old)!

 

lørdag 29. oktober 2011

Skjerf – Ei oppskrift eller tre

Eller tubeskjerf heiter det visst…

Dersom fleire vil strikke slike skjerf som eg har gjort får de oppskrifta her.

Here is the patterns for my cowls.

014

Tante Grå

Garn: Oda – Trysil Garn (Europris), 200 gram

Pinnar: 7 mm

Strikkefastheit: 13 m perlestrikk = 10 cm

Denne er basert på denne oppskrifta her.

Legg opp 151 masker. Strikk 1 rett 1 vrang rundt heile. Neste omgang strikkast 1 vrang 1 rett rundt heile. Vrang over rett og rett over vrang. (Perlestrikk).

Hald fram med perlestrikk til skjerfet har rett høgde. Min er ca 26 cm høg.

Aunt Grey

Yarn: Bulky / 12 ply – 50 gr = 75 m, 200 grams

Needles: 7 mm

Gauge: 13 st = 10 cm (in pattern)

Cast on 151 stitches. Join in the round and place marker.

Row 1: k 1, p 1 all the way round.

Row 2: p 1, k 1 all the way round.

Knit this way (seed stitch) until it is as high as you want. Mine is 26 cm, and I used 200 gr.

016

019

Tante Brun

Garn: Oda – Trysil Garn. (50 gr = ca. 75 m), 150 gram

Pinnar: 7 mm

Strikkefastheit: 13 m = ca 10 cm (i mønster)

Legg opp 150 masker. Sett eit merke der omgangen begynner.

Mønster:

Omg 1: Strikk 3 r og 3 vr heile omgangen rundt.

Omg 2: 2 r, * 3 vr, 3 r* heile omg til 1 maske igjen, avslutt med 1 r.

Omg 3: 1 r, * 3 vr, 3 r*  heile omg til 2 m igjen, avslutt med 2 r.

Omg 4: 3 vr, 3 r heile omg.

Omg 5: 2 vrange, * 3 r, 3 vr* heile omg til 1 m igjen, avslutt med 1 vr.

Omg 6: 1 vr, * 3 r, 3 vr* heile omg til 2 m igjen, avslutt med 2 vr.

Repeter desse 6 omg til skjerfet har ønska høgde.

Min er 26 cm.

022

Aunt Brown

Yarn: Bulky / 12 ply – 50 gr = 75 m, 150 grams

Needles: 7 mm

Gauge: 13 st = 10 cm (in pattern)

Cast on 150 stitches. Join in the round and place marker.

Pattern:

Row 1: (k3, p3) all round

Row 2: k2, (p3, k3) until 1 st remains, k1

Row 3: k1, (p3, k3) until 2 st remains, k2.

Row 4: p3, k3 all round.

Row 5: p3, (k3, p3) until 1 st remains, p1.

Row 6: p1, (k3, p3) until 2 st remains, p2.

Repeat these 6 rounds until the scarf has the desired height. My scarf is 26 cm.

027

Tante Grønn

Garn: Oda – Trysil Garn. (50 gr = ca. 75 m), 200 gram

Pinnar: 7 mm

Strikkefastheit: 13 m = ca 10 cm (i mønster)

Denne halsen er litt vidare enn dei andre.

Legg opp 168 m.

Mønster:

Omg 1 – 4: 4 r, 4 vr.

Omg 5 – 8: 4 vr, 4 r.

Fortsett med desse 8 omg til halsen har ønska høgde.

002

Aunt Green

Yarn: Bulky / 12 ply – 50 gr = 75 m, 200 grams

Needles: 7 mm

Gauge: 13 st = 10 cm (in pattern)

Cast on 150 stitches. Join in the round and place marker.

Pattern:

Rows 1 – 4: k4, p4

Rows 5 – 8: p4, k4

Continue with these 8 rows until the scarf has desired height.

023

onsdag 19. oktober 2011

Fleire småsko…

Eg har blitt litt hekta på dei søte babyskoa. Her har eg strikka eit knippe i meir “gutefargar”.
003
Oppskrift: Forget-me-not Baby Shoes av Julia Noskova
Garn: Smart – Sandnes
Pinnar: 3 mm

Mønsteret kan også kjøpast på Etsy.
005
006
010
011
I’m hooked on these little shoes. These are knitted in “boyish” colours. I will make more of these, to give away etc.
Pattern: Forget-me-not Baby Shoes by Julia Noskova
Yarn: Smart – Sandnes
Needles: 3 mm

søndag 16. oktober 2011

Skjerf?

… eller hals? Snurreskjerf?

Kva heiter dei eigentleg desse runde skjerfa som snurrast to gonger rundt halsen?

014

Eg har i alle fall strikka eit par. Til komande messer, eller julegåver eller noko…

016

Garnet er Oda (ull/akryl) frå Europris. Det er mjukt og rimeleg og kløfritt. Skulle ønske dei hadde det i einsfarga variantar også.

019

I’ve knitted some cowl/scarfs lately. To give away. Christmas is coming…

Morgonstemning

Det mørknar ute… og det er mørkt når eg køyrer til jobb. Men litt lysare er det når regnet tar ei pause. Slik var himmelen då eg gjekk til bilen på fredag.

001

005

It’s getting darker outside. Now it’s dark in the morning when I leave for work. It is a little lighter if the rain takes a break. On friday it did, and this was the sky that morning.

søndag 9. oktober 2011

Haustferien

Då har vi hatt ei veke med fri og både finevêr/ruskevêr…

025

Starta veka med barnedåp til minsteniesa i Trøndelag. Nydeleg ver der og kjekt å treffe storfamilien. Alle 32 kom trillande frå forskjellige stader i landet.

045

Festen var fin, med mykje god mat (sjølvsagt). Eit høgdepunkt var å vente på ettermiddagstoget som skulle kome forbi festlokalet. Stor jubel då vi fekk det til å tute for oss.

043

Half term this week, and no work. We started this week with the hole family meeting in the middle of Norway. It was the christening of my youngest niece. It was nice to have the hole family together. 32 of us now – mom and dad, siblings, in-laws, nephews and nieces. It’s not often we get to spend time together as we live in different parts of this country.

As you can see we took a break in the festivities to wave hello to the passing train Smilefjes. I think it was a nice surprise to the train driver. He waved back…

-------------

Siste del av veka har vore heller fuktig… Så då har det vore tid for å styre med prosjekt inne. Eg har tatt favel med grønnfargen på gangen min.

070

Det vart ein del lysare med ny lysegrå farge. Dørkarmane og dørene skal nok også malast etterkvart. Ikkje mindre enn 7 dører på den vesle gangen min…

072

Møblane og bildene er samla litt her og der. Mykje frå bruktbutikkar og slikt. I trappegangen får grønnfargen vere litt til. Må til med stilas nesten for å få malt der…

073

074

The last part of the week has been filled by rain. So I picked up my paintbrush. Time to say goodbye to the green colour in my hall. Much better now with lighter colour there. But with all those doors it’s still a lot of brown… I will paint the doors too, later. And maybe change the floor. And paint the stairwell – but the walls are so high there that I have to plan how to do it…

søndag 25. september 2011

Stolpute

Eg har hekla ferdig den japanske stolputa no i helga. Den slukte godt med garn, og eg måtte handle meir undervegs…

002

F.eks meir kvit til midten av blomstrane. Her er eg klar til å få ferdig siste runde.

004

I mønsteret er det 3 runder med bomster. Eg ville ha ei litt større pute og satsa på 4 runder.

006

Ferdig med blomstrane! Dette blir ei skikkeleg haustpute med fine haustfargar. Dessverre gjekk eg tomt for brunraud undervegs.

008

Slik ei nydeleg blomstereng… skulle hatt dei i stort format… som ei hoppepute…

012

Her ser de litt av teknikken bak blomstrane. Dei er doble, og bortsett frå midten er dei like på fram- og baksida.

014

015

Og slik blei puta til slutt, med grøn kant. (Brukte 50 gr garn berre til den kanten…)

017

Puta var stor nok tenkte eg – heilt eg prøvde ho på den påtenkte stolen… Den stolen har visst ekstra stort sete… Så det kan hende at puta får ei runde til med blomstrar – etterkvart. Eller så kan eg legge ho på ein annan stol.

018

Nokre detaljar: Eg har brukt PT3, vamsegarn (frå Rauma) og Iglo soft (frå Europris). 6 mm heklekrok. Puta måler 44 cm frå spiss til spiss og veg 450 gram!

Og eg melder på denne puta i Celebrate Color – ei blogghending som feirar fargar og haust.

Celebrate Color

----------------------------------

My chair cushion is done – for now. As you can see on the photo above the cushion looks a bit small on the chair I intended it for… Even if I made it larger than the pattern.

I made 4 rounds of flowers and had to buy more yarn in the process… I still ran out of one colour. I have never made flowers this way before. They’re double and really squishy. I would love to have a carpet of these – but that would just be crazy to make. – Or would it…

This little cushion weighs 450 grams… I’ve used bulky/aran weight yarn and a 6 mm crochet hook. It measures 44 cm across.

I’m entering this cushion in Celebrate Color. Go over there and look at all the colourful projects!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails